Halve kongeriket (Arvingen)

I 2020 ga eg og Randi Fuglehaug ut romanen Arvingen.

Det er ei ungdomsbok som handlar om Lena (17) som flytter frå Horten til Oslo. Her kjem ho i klassen til landets mest kjente tvillingpar: Kronprins Karl Johan (Kalle) og syster hans, prinsesse Margrethe. Lena og Kalle finn tonen, men det kan ikkje bli dei to. Lena har nemleg ein løyndom som ingen må få vite om…!

Boka fekk terningkast 5 i både Dagbladet og VG, og fekk rosande omtale i NRK. Den vart nominert til Uprisen – og det beste av alt: Det er første bok i ein serie!

I februar 2021 kom Drømmeprinsen, som fekk svært festleg omtåle hjå Bok365.

i juni 2021 kjem tredjeboka På tronen.

Er du skuleelev og skal skrive oppgåve om desse bøkene? Så utruleg kult! Kanskje du finn svar på nokre av spørsmåla dine her? Elles er du hjartleg velkommen til å ta kontakt.

Arvingen fins snart i pocket, og på Fabel som lydbok.

Hos forlaget kan du lese meir om desse bøkene.

Foto: Agnete Brun / Aschehoug