I eitt år dro eg rundt i Noreg og undersøkte korleis ein best skulle takle kjærleiken, økonomien, maten, tida og døden. Resultatet vart mi aller første bok, Livet og korleis leve det.
Den kom ut i 2017, og vart kalt den “eneste selvhjelpsboka du faktisk trenger” av Aftenposten. Den fekk terningkast fem i Dagbladet, trykka opp i tre opplag og kjøpt inn av Kulturrådet. No er den ute i pocket, og kan foreksempel bestillast her.
Eg har holdt mange bokbad og foredrag i samband med boka, og materialet passer spesielt bra for unge vaksne i etableringsfasen.